Radøy Løpeklubb blir Kondistreninga Radøy LK

For tre år sidan hadde Radøy Løpeklubb si fyrste løpetrening på Radøy utanfor Bergen. Målet var å gje eit løpetilbod som skulle passe for alle uansett om dei var ferske som løparar eller erfarne. No ønsker klubben å bli ein del av Kondisfamilien og endre namn til Kondistreninga Radøy LK.

Det var innflyttar Kasper Brandt Slettebakken, opphaveleg frå Danmark, som starta løpegruppa han valde å kalle Radøy Løpeklubb. Gruppa har blitt populær i området og har no over 150 følgjarar på Facebook.

– Me har vore alt frå 3 til 25 på trening gjennom dei siste åra. Oftast er me om lag 10, men det varierer kven og kor mange som deltek, fortel Kasper som annonserer treningane i Facebookgruppa kvar gong.

Gruppa har som oftast treningar på onsdagar klokka 20, men møteplassen varierer frå gong til gong.

– I første halvåret trener me periodisert med rolege fellestreningar dei fyrste vekene, deretter eit par veker fokus på styrking av ledd og musklar med bakkeintervallar, før me går over på astfaltintervallar og trener meir spesifikt mot formtopping utover våren. Etter sumaren trener me skiftevis astfalt- og bakkeintervallar, seier Kasper.

Løpegruppa har òg andre aktivitetar.

–  Me har av og til løpetestar på ulike distansar. Dei seinaste to åra har me også arrangert eit lokalt halvmaraton, der ein òg har kunne prøvd seg på kortare distansar. Eit par terrengløp har me òg fått til. Elles drar me av og til på løp i lag. I april er me til dømes ein gjeng som drar til Berlin for å springe Berlin Halvmaraton, fortel han.

På spørsmålet om kvifor dei ønsker å gjere løpegruppa om til ei Kondistreningsgruppe, var svaret frå Kasper momentant:

– Å blir ein del av Kondisfamilien låg rett til høgrefoten. Engasjementet og verdiane hjå Kondis i lag med ønsket om å spreie løpeglede til enda fleire gjorde at dette var eit enkelt val. Å vere ein del av ein større organisasjon og nettverk er berre motiverande. Når eg drøfta dette med dei som oftast har delteke på treningane, fekk eg berre positive og svært hyggelege tilbakemeldingar. Dette blir SÅ bra, og eg trur på at me skal klare å dra enda fleire ut i vind og vêr her på Vestlandet, seier han.

Du finn ein oversikt over alle Kondistreningane på Kondistreninga.no.

Ta kontakt på kondis@kondis.no om du har lyst til å starte ei Kondistrening der du bur. Ikkje nokon stad er for liten for ei Kondistrening. Der to spring saman har dykk eit godt utgangspunkt for å byggja opp ei Kondistrening på heimplassen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Bli medlem på Kondis

Det lønner seg å være medlem

I tillegg til alle våre fagartikler, kan Kondis tilby mange svært gode medlemsfordeler. Vi jobber hele tiden aktivt for at medlemmene skal få mest mulig igjen for medlemskapet. Se våre medlemsfordeler.

Følg Kondis på Facebook

Følg Kondis på Instagram

Nytt fra Kondistreninga