Kondistreninga Husnes

Info om gruppa

Velkommen til Kondistreninga Husnes!
Måndag 2. september klokka 17.45 startar vi opp med kondistreninga Husnes. Oppmøtestad: nedre parkering ved Undarheim skule (ved Opsangervegen).
 
Målet vårt er å spre treningsglede og kunnskap om trening til aktive mennesker på alle nivå. Vi henvende oss til både nybyrjar og erfarne, unge og eldre.
 
Vi håpar at dette kan bli ein sosial og gøy ting å gjera saman, der alle kan læra av kvarandre. Ein får utvikla seg samtidig som det er helsefremjande.
 
Det er gratis å vera med på kondistreninga Husnes. Treninga består i hovudsak av intervalltrening, og vert tilpassa om du er erfaren eller fersk i løypa. Fart, lengde og antal repetisjoner kan tilpassast, så her kan alle vera med. Det er berre til å møta opp. Vi brukar nærområde på Husnes når vi trenar.
 
Vi er i startfasen og både dag og tidspunkt kan forandra seg etterkvart. Kanskje får vi til fleire økter saman og? Målet fyrst er å samla ein gjeng som kan løpa saman.
 
Alle er hjarteleg velkomne.
 
Treninga vert driven på frivilleg basis av medlemmer i organisasjonen Kondis.
 
Helsing
Anita Volden og Ann Helen Aasen.
 

De nyeste innleggene fra Kondistreninga Elverum

Sterkt lag ga alt i 4 x 4

Det var et sterkt lag på 12 innsatsfylte som spilte hverandre gode denne torsdagen. Her var det ingen som måtte slite innbytterbenken, og alle fikk

Les mer »

Please log in to submit content!

Trenere

Anita Volden

Ann Helen Aasen